Psykologtidsskriftet

Møre og Romsdal

Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)

Møre og Romsdal fylkeskommune - Fylkestannlegen

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig
50 % fast stilling som psykolog frå 1.2.2026.

Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet. TOO-prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa.

Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk.

Arbeidsoppgåver

Du får jobbe med

  • Tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team

  • Å diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege

  • Eksponeringsbehandling i tverrfagleg team

  • Utadretta rettleiing og informasjonsarbeid

  • Rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling

  • Å bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet

Kvalifikasjoner

  • Psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon

  • Erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi, og ønske om å anvende metodikken i tverrfagleg team

  • Erfaring frå angstbehandling

  • Interesse for arbeid med odontofobipasientar

  • Gjerne har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi

  • Gjerne har røynsle frå forskning

  • God kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne er ein føresetnad

  • Evne til å uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/skandinavisk

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for menneske

  • Jobbar effektivt og sjølvstendig

  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert

  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling

  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling

  • Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)

  • Tilsetting skjer ellers på vanlege fylkeskommunale vilkår

Anna

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.

Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal

Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

  • Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?

  • Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?

  • Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?

  • Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!